Jomfrua Ingebjørg

1.
Æg veit mæg ein af dei Ædelinds Skogar
ja sunna aa vesta fe Fjoro
der vexe saa mange af dei Ædelind-Tre
dei venast paa Jori kan gro.
-Men hore sko Svenden han finne si skjønne Jomfru -

2.
Der vexe saa mange af dei Ædelind-Tre
ja Bjørkji aa saa Lindi
der spilar saa mange af dei Ædelind-Dyr
ja Hjorten aa saa Hindi.

3.
Der spilar saa mange af dei Ædelind-Dyr
ja ikkon aa saa Duva
ho æ kommin af vorum Lande
den rike stolte Jomfrua.

4.
Aa dæ va strie Sjukmori
ho vakna af Svevnen saa brat
ho vekte up den stolte Jomfrua
aa dæ va ve Midjenat.

5.
Aa dæ va Fruga Ingebjørg
ho frammafe Sengje sto
saa gret ho no saa møyleg
i Hinde-Hammen ho fór.

6.
Ho la i hanoms Hovdejor
dæ Gulli af Fingæne ni
dæ va honom te Sorg aa Kvide
kvor Gaang han saag uppaa di.

7.
Ho la uppaa hans Hovdejor
dæ Gulli af Fingæne fem
aa dæ va honom te Sorg aa Kvide
kvor Gaang han saag uppaa dem.

8.
Han sætte Snorur i kvor den Krok
der Hindi va vani aa gange
aa Hindi ho va no saa var om sæg
ho vil inkje lata sæg fange.

9.
Han sætte Snorur i kvor den Ro
der Hindi vana fram laupe
aa Hindi ho va no saa var om sæg
ho vil inkje lata sæg nope.

10.
Aa dæ va strie Sjukmori
ho auka dei Syndine meire
saa skabte ho henna til den vilden Ørn
som sender saa langt ivi Heie.

11.
Saa tok han Øxi uppaa sin Arm
aa høggje saa langt han maatte
alt te han kom te den Ædelind-Mand
som Ædelind-Skogjen aatte.

12.
Høir du Danne-Herre- Per
kvi høgge du ne den Skog
du fangar aller den vilden Ørn
før ho fær af dit Blod.

13.
Saa høggje han Stykkje utaf sin Arm
aa kasta dæ høgt paa Kviste
den Ørn ho skreik saa høgt ho gol
den Herre Per ville ho gjiste.

14.
Ho sætte sæg ne paa Stolsbrugda
aa plukka sæg som ei Duva
saa la ho af sæg den Fugleham
saa vene va den stolte Jomfruga.

15.
Gud signe dæg Danne-Herre Peer
fe alle go Raaine dine
mi Sjukmor sit i Trollebotten
aa græte fe Syndine sine.
-Men no hæv Svenden funni si skjønne Jomfrue -

Kilde: Dokumentasjonsprosjektet - "Jomfrua Ingebjørg"