Oppdatert: 04.01.2019

Petitartikkel og kåseri

Kilde: "Språkbruksanalyse" DNS

(Kilde: "Språkbruksanalyse" DNS)

Namnet petitartikkel kjem av det franske ordet for liten: petit, og eigentleg tyder nemninga ein tekst som er skriven med ein bestemt teksttype kalla "petit". I typografien har teksttypane namn etter storleiken. Ein vanleg teksttype, "cicero", har til dømes 12 såkalla typografiske punkt, medan "petit" er ein noko mindre skrifttype med 8 punkt.
Petitartikkelen har altså fått namnet sitt fordi det var ein tekst med litt uhøgtidleg innhald som vart trykt med mindre bokstavar enn resten av stoffet i ei avis eller eit blad.

Petiten er ein kort tekst, som oftast kortare enn essayet, og meininga er å underhalde. Men det kan likevel vere eit alvorleg poeng under dei vittige formuleringane. Særmerkt for petiten er at han ofte handlar om ei bestemt aktuell hending, som petitforfattaren gjerne set på spissen for å få fram eit poeng. Og poenget er ofte å snu litt på vanlege oppfatningar, eller å få fram noko forfattaren er usamd i. Men den som nyttar genren petit for å få sagt det han meiner, vel å gjere dette utan gravalvor, tvert om prøver han å utnytte den krafta som ligg i det å få låtten på si side.

Kåseriet er i slekt med petiten, men det skal framførast munnleg, som eit underhaldande foredrag. Kåseriet har dei same kjenneteikna som petiten, men kan gjerne vere lengre.

Dei viktigaste kjenneteikna ved desse to sjangrane kan vi oppsummere i fem punkt:

  1. Munnleg språk:
    Både i ordval og setningsbygnad kan forfattaren utfalde seg svært fritt. Både ufullstendige setningar og dialektinnslag kan vere nyttige verkemiddel.

  2. Ironi:
    Dette er eit av dei viktigaste verkemidla i petiten.
    Ironi vil seie at vi seier noko, men lèt det skine gjennom at det motsette er det rette.

  3. Humor og satire:
    Det kan vere mange måtar å få folk til å le på. Berre det å sjå ein situasjon frå ein uvanleg synsstad eller i ein uvanleg samanheng, kan vere morosamt. Ei viss overdriving (hyperbol) eller «underdriving» (litotes) kan gi ein humoristisk verknad.
    Satiren liknar meir på ironien enn humoren gjer, og kallar lettare på flir enn på latter. Men satire er ikkje det same som ironi.
    Når vi nyttar satire, prøver vi å få fram det vi meiner er latterleg, når vi nyttar ironi, seier vi det motsette av det vi meiner.

  4. Vandring i emnet:
    Både i petiten og i essayet knyter forfattaren stoffet saman ved hjelp av anekdotar og frie assosiasjonar. Det kan verke som om han er på ei slags reise og stoppar der han har bruk for det.

  5. Subjektivitet:
    Petitartikkelen er svært personleg, anten den er skriven i eg-form eller ikkje. Det er jo nettopp meiningar og holdningar hos forfattaren som pregar forma. Han har stor fridom til å velje verkemiddel, og det er ikkje noko strengt krav om at han skal vere sakleg. Han kan gjerne overdrive eit poeng eller setje ei sak på spissen.
    Mange aviser har ei fast petitspalte der ein petitjournalist tek opp aktuelle saker på sin eigen måte. Petiten fungerer da som ein satirisk kommentar til aktuelle hendingar.
    l radioen er det og faste programpostar med kåseri. Kvar morgon kåserer ein morgonkåsør over aktuelle eller allmenne emne. Om emna og verkemidla kan vere ulike, har dei likevel eitt felles drag, dei vil alltid ha ein viss brodd.

(Kilde: "Språkbruksanalyse" DNS)


oppdatert 04.01.2019
Page visited 38773 times
Totalt:
11.980.660  visitors

Dette nettstedet er organisert av VGSkole.no som en ressursbase for elever i videregående skole
This site is designed and created by VGSkole.no for educational purposes


Kontaktinfo







Ny bok!


Forfatter og bok
Bakgrunnsstoff